Language Language Language Visning: A A A A A
toppbilde

Rådgjevar for Nasjonal villakssenter i Tana (Joddu)

Nasjonalt villakssenter er ein allmennyttig stiftelse stifta i 2019 av Miljødirektoratet. Formålet er å:

  • formidle kunnskap om villaksen sitt liv, utfordringar og truslar
  • bidra til bevaring og berekraftig utnytting av villaksstammene og deira leveområde
  • legge til rette for dialog, kommunikasjon og samhandling mellom aktørar med interesser knytt til villaksen og hans leveområde

Stiftelsen er under oppbygging med einingar i Tana, Namsos, Lærdal og Lyngdal. Me siktar mot å få nasjonal autorisasjon som informasjonssenter for villaks.

Eit senter i Tana er under planlegging av Tana kommune. Nasjonalt villakssenter treng ein medarbeidar som kan ta del i etablering og oppbygging av senteret. Arbeidsstad er Tana og me lyser ut eit toårig engasjement som rådgjevar med rom for forlenging og fast tilsetting.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Formidling og naturrettleiing
  • Utarbeide informasjons- og undervisningsmateriell
  • Stå for kursverksemd og tilrettelegging
  • Born og unge er ei viktig målgruppe for naturrettleiinga ved Nasjonalt villakssenter
  • Ta aktivt del i Nasjonalt villakssenter si samla verksemd og oppgåveløysing på tvers av dei fire einingane

Me søker etter ein person som har:

  • Interesse for og helst erfaring med formidling og naturrettleiing
  • Høgare utdanning, helst med informasjonsfag/pedagogikk og/eller naturvitskaplege fag i fagkretsen. Brei pedagogisk erfaring kan erstatte formelle krav.
  • Gode evner til samarbeid, nettverksbygging og å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Gode språkkunnskapar, nordsamisk språk- og kulturforståing
  • God kunnskap om og beherskar digitale media

Me tilbyr

  • 100% stilling i toårig engasjement med moglegheit for fast tilsetting på sikt
  • Utfordrande og spennande jobb knytt til villaksen, hans leveområde og utfordingar, samspelet med mennesket, kulturen og tradisjonane knytt til han
  • Vere med å bygge opp Nasjonalt villakssenter til det leiande formidlingsorganet for kunnskap om våre ville laksestammer
  • Samlokalisering med eit større fagmiljø i Tana
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale

For meir informasjon, kontakt dagleg leiar Alf Olsen jr, tlf +47 97 53 92 92, eller Frank Martin Ingilæ, leiar utviklingsavdelinga Tana kommune, tlf +47 46 40 02 60

Søknad med CV sender du til alf.olsen@villakssenter.no eller Lærdal kommune c/o Alf Olsen jr, postboks 83 6886 Lærdal. Søknadsfrist er 10. mars 2020.